Masteroppgave om deltakelse i Familieklubb

Bjørnar Hunnes, masterstudent i sosialt arbeid ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), har skrevet masteroppgaven sin om «Familieklubbdeltakarar si oppleving av å gå i ein familieklubb».

Oppgaven er et resultat av dybdeintervju med medlemmer over 18 år i noen av familieklubbene, for å få tak i deres personlige erfaringer, tanker og opplevelse omkring deltakelse i klubb.

Bakgrunn for prosjektet

Skrevet av Bjørnar Hunnes

I Noreg utgjer årlege samfunnskostnadar knytt til alkoholmisbruk mellom 18 og 19,6 milliardar kroner(1). I tillegg til dei samfunnsmessige belastingane er konsekvensane for enkeltindivid som er ramma av alkoholproblem vel så viktige. I mange tilfelle går alkoholproblem ikkje berre ut over ein enkelt, men også familiemedlemmar og nærståande.

Ein familieklubb er ei gruppe menneske som møtast ein gong i veka for å lindre dei problema dei har med alkohol eller andre rusmiddel. Nokre av gruppemedlemmane har sjølv erfaringar med rusproblem, andre har erfaringar som pårørande. Tanken bak ein familieklubb er at ein kan kome til gruppesamlingane som ein familie – både personen med rusproblemet, og dei pårørande.

Live Fyrand(2) har gjort ei undersøking blant deltakarar i norske familieklubbar. I rapporten har ho intervjua 49 medlemmar om deira deltaking i familieklubbar, og resultatet er eintydig: familieklubben utgjer ein stor forskjell i liva til medlemmane. Masterprosjektet vil byggje vidare på rapporten til Fyrand, og undersøkje kva som gjer at deltakarane i familieklubbar opplever å ha nytte av klubben, samt korleis familien spelar ei rolle i å halde seg rusfri.

(1) Hunnes, Bjørnar (2013). Livet mitt byrja i familieklubben.

(2) Fyrand, Live (2007). Klubben er vår livsforsikring! Evaluering av arbeidet i Familieklubbene i Norge.